Seljord Camping og Badeplass er ein koseleg familievenleg campingplass som ligg ved rv 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Me kan tilby gjestene våre ei herleg sandstrand med svaberg, robåt-, kano-, og tråbåtutleige, leikeplass, sandvolleyballbane, flotte turområde og brygge. Mange fine teltplassar. Hyttene våre har god standard, og me har mange fine plassar til campingvogner og bobilar.
OPEN frå påske til 30. september
Ingen forhåndsbestilling til Dyrskun, kom tidleg!
Velkomen til oss!