Sjøormen i Seljordsvatnet

Sidan uminnelege tider har folk sett Sjøormen i Seljordsvatnet. Den kjem som oftast til syne på varme sommardagar og er lettast å få auga på når vatnet elles ligg flatt.

Då kan ein av og til sjå bylgjer og krusningar på overflata der ormen buktar seg fram. Nokre synsvitne fortel om ein lang, slangeliknande kropp med store buktningar som lyfter seg over vatnet.

Nokon fortel om eit stort hovud som kan minne om ein hest. Det er stor variasjon i forteljingane både når det gjeld lengde og farge på sjøormen, noko som kan tyde på at det er ein heil familie av sjøormar i vatnet.

Enno har ingen klart å ta eit godt bilete der hovudet synast – kanskje blir du den fyrste?

Seljordsormen – «Selma»

Den eldste skriftlege kjelda om sjøormen er frå 1750, då den skal ha velta ein robåt med eit flyttelass som tilhøyrde ein mann frå Bø. Også i vår tid hevdar einskilde at dei har observert ormen i eller ved Seljordsvatnet.

Fleire ekspedisjonar har gjentekne gonger vitja Seljordsvatnet i forsøk på å bevise at sjøormen finst – utan hell.

Seljordsormen, som i nyare tid har fått kjælenamnet «Selma», vert i dag aktivt brukt i marknadsføringa av kommunen overfor turistar og gjestande. Ormen har sidan 1989 pryda Seljord sitt kommunevåpen.

Einskilde meiner at Seljordsormen er av same art som den skotske Nessie i Loch Ness.

Selma – Seljordsormen

Tips: Sjøormen vert lettast å sjå på varme, stille sommardagar når vatnet ligg flatt. Ta med kikkert og kamera – kanskje er du heldig!

Kom og sjå sjølv!

Seljord Camping ligg rett ved Seljordsvatnet – perfekt utgangspunkt for sjøorm-jakt.

Bestill på Campio.no (opnar i nytt vindauge)