Seljord Camping og Badeplass er ein koseleg, familievenleg campingplass som ligg ved RV 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum.

Her finn du ei herleg sandstrand med svaberg, robåt, kano, kajakk og tråbåt til leige. Leikeplassar for store og små, sandvolleyballbane, flotte turområde og brygge. Mange fine teltplassar.

Hyttene våre har god standard, og me har mange fine plassar til campingvogner og bobilar. Me har tømmestasjon for bubilar med fasttank.

Open frå påske til 30. september.

Ingen forhåndsbestilling til Dyrskun – kom tidleg!

Sjøormfart på Seljordsvatnet

Sjøormen i Seljordsvatnet

Sjøormen i Seljordsvatnet

Sidan uminnelege tider har folk sett Sjøormen i Seljordsvatnet. Den kjem som oftast til syne på varme sommardagar og er lettast å få auga på når vatnet elles ligg flatt.

Då kan ein av og til sjå bylgjer og krusningar på overflata der ormen buktar seg fram. Nokre synsvitne fortel om ein lang, slangeliknande kropp med store buktningar som lyfter seg over vatnet.

Nokon fortel om eit stort hovud som kan minne om ein hest. Det er stor variasjon i forteljingane, noko som kan tyde på at det er ein heil familie av sjøormar i vatnet. Enno har ingen klart å ta eit godt bilete der hovudet synast – kanskje blir du den fyrste?

Slik kjem du til oss

Frå Bø køyrer du RV 36 til rett før Seljord og tek til venstre ved skilt. Frå Seljord køyrer du RV 36 ca. 300 m mot Bø og tek av til høgre ved skilt.

Kart som viser vegen til Seljord Camping