Kva kan eg gjere på Seljord Camping og Badeplass?

Seljord Camping og Badeplass er ein familievenleg campingplass som ligg ved RV 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Her finn du ei herleg sandstrand med svaberg og badebrygger. Me har robåt, kajakkar, tråbåtar og kanoar til utleige. Leikeplassar, hoppepute, sandvolleyballbane og flotte turområde rett utanfor porten. Spør oss om turtips!
Hyttene våre går frå enkel standard til fullt utstyrte hytter etter kva som passar for deg. Me har mange fine plassar til telt, bubilar og campingvogner. Me har tømmestasjon for bubilar med fasttank.
Klikk på overskrifta i denne boksen for å få fleire detaljar og turtips!
Noko for alle som vil leve livet!
Dyrskuplassen er ein festivalplass like ved Seljord sentrum som har mange ulike arrangement i sommarhalvåret. Sjekk ut heimesida www.dyrskun.no for detaljar
På den lokale appen FINTUR (last ned til mobilen) finn du meir informasjon om turane og enda fleire reisetips for Seljord og omegn.
Her er nokre tips for å kome i gang!
Lette turar:
Sjøormtårnet og Bjørgeøyane til Sentrum og Dyrskuplassen: Gangveg frå campingen gjennom Seljord sentrum til festivalplassen "Dyrskuplassen" som har ei rekke spennande arrangement. På vegen kan du sjå Seljord kyrkje som er ei eldgamal steinkyrkje. Du kan og prøve deg på Sterke-Nils-steinen, ein stein som Seljords sterkaste mann lyfte på 1700-talet. Der er og eit monument over Magnus B Landstad som samla store mengder soger og andre kulturskattar.
Bjørgefjell naturreservat: Like utanfor campingplassen kan du gå direkte inn i naturreservatet der det er eit antall turløyper av ulik lengde og vanskelegheitsgrad. Frå toppen av Bjørgefjell får du storslagen utsikt over Seljord. Be om turkart i resepsjonen.
Raudjuv: Liten gåtur inn i eit djupt juv med små fossefall og trolsk stemning, 2 km frå campingen
Lakshølfossen og Bjørge Mylle: eit par kilometer nord for Seljord Camping like ved E134 ligg Seljords fyrste industriarbeidsplass. Her vart det drive sagbruk og mylle fram til kraftutbygginga av Sundsbarmanlegget i 1960-åra. Fossen og mylla er eit ynda motiv for fotografar og kunstnarar.
Hanakamjuvet og Gullnesvegen: Ein gamal manuelt bygd kløvveg i Kivledalen like nord-vest for Seljord Sentrum. Under Dansketida vart det drive kopargruver ved Gullnes. Malmen blei frakta ned til Seljordsvatnet med hestetranport. Eit stykke av denne gamle vegen er intakt gjennom Hanakamjuvet og er ei fantastisk fin naturoppleving. Vegen går forbi ein idyllisk foss der det er fint å ta fram nista.
Vikinggrava på Midtigard Bjørge: Like ved Seljord Camping si nordre innkøyring ligg ein gravhaug frå vikingtida. Like ved gravhaugen står og eit flott Telemarks-loft (stabbur i to etasjar) som er eit fint kulturminne og godt eksempel på Telemarks gamle arkitektur.
Ballongfararsteinen: Ved Manheim gard, eit stykke opp i Lifjell står eit enkelt minnesmerke. Paris var beleira av Tyskland i 1870, to franskmenn ville bruke luftballong for å kome seg ut av Paris. Vinden tok dei og dei landa i Seljord i November 1870. Ein lett gåtur frå bilparkeringa tar deg fram til minnesmerket.
Telnessanden: Kanskje Telemarks finaste badestrond? Besøk Telnessanden og bedøm sjølv, langgrunn strond med mjuk sand og gode badetemperaturar.
Øverlands- eika: Har du bil parkerer du ved Dalsvatn på Seljordshei og går eit par kilometer austover. Der står ei eldgamal eik som er rund 900 år gamal. Stor nok til at du kan krype inn i henne.
Grunningsdalen med kloppin og Slåkjavatnet: Flott fjelllandskap med lett tilgang. Det er fleire måtar å oppleve Grunningsdalen: Enten køyre bil/MC heilt fram eller med el-sykkel, eller med tråsykkel heilt frå Seljord Camping. Framme ved vatnet kan ein gå ein tur i urørt heiskog eller kome seg opp i høgda over tregrensa. Du kan også berre gå eller sykle langs vatnet på dei flotte kloppene (trebuer over myra).
Har du bil eller MC fins det eit vell av spennade ting å besøke innan ein times køyretur frå Seljord:
Sommarland i Bø (familiepark)
Høyt og lavt klatrepark i Bø
Ravnejuv i Vinje, ei 300 meter djup kløft som du kan gå til på 5 minutt (naturfenomen) Her får du garantert sug i magen!
Kviteseid med Telemarkskanalen og bryggekafeen
Vrådal med golfbane og ein flott innsjø med mange øyar og holmar.
Treungen med Jettegrytene (naturlege store jettegryter og vannsklier, eit naturfenomen)
Fyresdal med Tretoppvegen og Hamaren. Turløype høgt oppe i lufta
Rjukan med Vemork og tungtvannskjellaren, Rjukanbanen og ferjene på Tinnsjøen (Verdensarv)
Gaustatoppen, Telemarks høgaste fjell med ein "hemmeleg" heis innvendig i fjellet og utsikt over "halve Noreg"
Dalen i Tokke med det unike Dalen Hotell og kanalbåtane "Viktoria" og "Henrik Ibsen"
Eidsborg museum med ei eldgamal stavkyrkje og brynesteins-bruddet (industrianlegg frå vikingtid)
Heddal Stavkyrkje: Noregs største, eit fantastisk byggverk som osar av Telemarkstradisjon og arkitektur frå brytninga mellom vikingtid og kristentid.
Lengre turar for folk i god form og gode sko:
Skorve med flyvraka frå andre verdenskrig: Like nord for Seljord Sentrum ligg fjellet Skorve, Turen opp er bratt og krevande men utsikta frå toppen er vanvittig. På turen opp kan du og gå innom eit amerikansk flyvrak frå andre verdenskrig. På nordsida av Skorve ved Hestnutan lig eit tysk flyvrak som og datt net under andre verdskrigen. Det er for langt å få med seg begge på ein dag så då kan du vurdere å overnatte i telt oppe i fjellet og gjere det til ein skikkeleg fjelltur.
Lifjell, fisking og fjelltur: Ved å køyre bil opp til parkeringsplassen på Grimås (Seljordsida av Lifjellmassivet) kjem du fort opp på snaufjellet. Etter ein liten time med gange på ein bratt sti ligg fiskevatna som perler på ei snor. Her kan du bruke heile dagen med å tusle frå vatn til vatn eller ta med teltet og sova i fjellet.. Det går og an å gå over heile fjellet og koma ned att i Bø. Hollane seter er ein naturleg stopp på vegen over fjellet mellom Seljord og Bø.
Hattefjell: Etter ein kort biltur til toppen av byggefeltet Tømmeråsen ovanfor Seljord Sentrum finn du ein liten parkeringsplass med skilting til Hattefjell. Det er ca 1,5 time å gå opp til toppen på ein noko bratt traktorveg. Oppe på toppen er det kjempeflott utsikt over Selordvatnet i retning mot Bø.
Årnotra og Havretjønn:Ta bil eller sykkel opp til parkeringsplassen ved Raudkleiv (skianlegg) gå deretter mot Havretjønn og finn fram til eit tilrettelagt område med ei fin fisketjønn. Du kan dertter fortsetje til Årnotra som er ein fjelltopp med fin utsikt.
Brattefjell-Vindeggen Landskapsvernområde: For dei vidarekomne
Nord i Seljord Kommune ligg Brattefjell, Seljords høgaste topp med sine 1540 moh. Fjellet ligg inne i landskapvernområdet og det er derfor ein full dagstur å ta seg til toppen. Eventuelt kan ein ta med telt og overnatte inne i reservatet og oppleve ekte villmark. Her fins villrein, ørn og rype og mange andre flotte dyr som er unike i Norsk fauna. Spesielle reglar gjeld ved ferdsel i Brattefjell-området pga den sårbare naturen. For å kome dit tek du bil fram til Småtjønn parkeringsplass og går på ein av fleire alternative ruter som du kan finne på feks Fintur-Appen. Obs: det er ikkje telefondekning nede i dalane, berre på dei høgaste toppane.
Brennemo-nuten: nyt den flotte utsikta over Seljordsvatnet frå vestsida av vatnet. Få meir info om turen i resepsjonen.
Gygrestolen i Bø: Ein kort men spennade tur til telemarks eigen Preikestolen, ca 30 minutt med bil frå Seljord.
Stader å ete:
Dersom du vil ta fri frå grillinga har me eit lite men godt utval av restaurantar i ulike prisklassar i Seljord og omegn.
Sjøormen kro: Klassisk norsk vegkro med solid mat med god kvalitet til ein fornuftig pris.
Wassanas Thaimat: mange gode smakar å velge mellom, dine in eller take away
Låven på Garvik: Sommaropen restaurant på Garvikstrondi Camping, god mat og drikke av for heile familien
Charms kinamat: Typisk kinarestaurant i Seljord sentrum
Gatekjøkkenet på Seljord Ferieland: Prøv Pizzaen eller kva med ein sterk kebab som setter fart på smakslaukane?
Seljord hotell: Hotell midt i Sentrum med historisk sus.
Me har og eit antall kafeear i sentrum med variert og god mat og kaffe!!