Aktivitetar ved Seljord Camping

Seljord Camping og Badeplass er ein familievenleg campingplass som ligg ved RV 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum.

Her finn du ei herleg sandstrand med svaberg og badebrygger. Me har robåt, kajakkar, tråbåtar og kanoar til utleige. Leikeplassar, hoppepute, sandvolleyballbane og flotte turområde rett utanfor porten.

Hyttene våre går frå enkel standard til fullt utstyrte hytter. Me har mange fine plassar til telt, bubilar og campingvogner, og tømmestasjon for bubilar med fasttank.

Tips: Last ned appen FINTUR til mobilen for fleire turar og reisetips for Seljord og omegn.

Lette turar i nærområdet

Sjøormtårnet og Bjørgeøyane

Gangveg frå campingen gjennom Seljord sentrum til Dyrskuplassen. Sjå Seljord kyrkje, prøv deg på Sterke-Nils-steinen og sjå monumentet over Magnus B. Landstad.

Bjørgefjell naturreservat

Rett utanfor campingplassen – turløyper av ulik lengde og vanskelegheitsgrad. Storslagen utsikt over Seljord frå toppen. Be om turkart i resepsjonen.

Raudjuv

Liten gåtur inn i eit djupt juv med små fossefall og trolsk stemning. Berre 2 km frå campingen.

Lakshølfossen og Bjørge Mylle

Seljords fyrste industriarbeidsplass like ved E134. Sagbruk og mylle – eit ynda motiv for fotografar og kunstnarar.

Hanakamjuvet og Gullnesvegen

Gamal kløvveg i Kivledalen med kopargruvehistorie frå Dansketida. Fantastisk naturoppleving med idyllisk foss.

Vikinggrava på Midtigard Bjørge

Gravhaug frå vikingtida like ved campingen. Flott Telemarks-loft og fint kulturminne.

Lengre turar for gode sko

Skorve med flyvrak

Bratt og krevande tur med vanvittig utsikt. Amerikansk flyvrak frå andre verdskrigen på vegen opp. Tysk flyvrak på nordsida.

Lifjell – fisking og fjelltur

Køyr til Grimås, og etter ein time er fiskevatna som perler på ei snor. Ta med teltet for overnatting i fjellet.

Hattefjell

Ca. 1,5 time opp ein bratt traktorveg frå Tømmeråsen. Kjempeflott utsikt over Seljordsvatnet mot Bø.

Utflukter med bil (under 1 time)

Sommarland i Bø

Familiepark med vassrutsjebaner og aktivitetar for alle aldrar.

Ravnejuv i Vinje

300 meter djup kløft – 5 minutt å gå til. Garantert sug i magen!

Heddal Stavkyrkje

Noregs største stavkyrkje. Fantastisk byggverk frå brytninga mellom vikingtid og kristentid.

Rjukan og Gaustatoppen

Vemork, tungtvannskjellaren (Verdensarv), og hemmeleg heis innvendig i Gaustatoppen med utsikt over «halve Noreg».

Stader å ete i Seljord

Dersom du vil ta fri frå grillinga, har Seljord eit lite men godt utval av restaurantar:

Sjøormen Kro

Sjøormen Kro

Klassisk norsk vegkro med solid mat til fornuftig pris.

Eldhuset restaurant

Eldhuset

Koseleg restaurant med god mat i hyggelege omgjevnader.

Låven på Garvik

Låven på Garvik

Sommaropen restaurant på Garvikstrondi Camping. God mat for heile familien.

Bestill opphald

Ring oss på 976 91 444, eller bestill via Campio:

Bestill på Campio.no (opnar i nytt vindauge)