Seljord: Eventyret startar her!
Vil du finne Sjøormen i sommar?

Sidan uminnelege tider har folk sett Sjøormen i Seljordsvatnet. Den kjem som oftast til syne på varme sommardagar og er lettast å få auga på når vatnet elles ligg flatt. Då kan ein av og til sjå bylgjer og krusningar på overflata der ormen buktar seg fram. Nokre synsvitne fortel om ein lang slangeliknande kropp med store buktningar som lyfter seg over vatnet. Nokon fortel om eit stort hovud som kan minne om ein hest. Det er stor variasjon i forteljingane både når det gjeld lengde og farge på sjøormen, noko som kan tyde på at det er ein heil familie av sjøormar i vatnet. Enno har ingen klart å ta eit godt bilete der hovudet synast, kanskje blir du den fyrste?
Kva kan eg gjere på Seljord Camping og Badeplass?

Seljord Camping og Badeplass er ein familievenleg campingplass som ligg ved RV 36, 500 m frå E134 og berre 1 km frå Seljord sentrum. Her finn du ei herleg sandstrand med svaberg og badebrygger. Me har robåt, kajakkar, tråbåtar og kanoar til utleige. Leikeplassar, hoppepute, sandvolleyballbane og flotte turområde rett utanfor porten. Spør oss om turtips!
Hyttene våre går frå enkel standard til fullt utstyrte hytter etter kva som passar for deg. Me har mange fine plassar til telt, bubilar og campingvogner. Me har tømmestasjon for bubilar med fasttank.
Klikk på overskrifta i denne boksen for å få fleire detaljar og turtips!
Slik kjem du til Seljord Camping

- Frå Bø køyrer du RV 36
til rett før Seljord. Der
tek du til venstre ved skilt.
- Frå Seljord køyrer du RV 36 ca.
300m mot Bø og tek av til høgre
ved skilt.